Drakar

Ikkje før var redslekongen slagen, før borna til Io fór i strupen på kvarandre. Dei ensa ikkje krigen rundt seg i det heile, men kjempa med kvarandre i ein endelaus straum av blod.

— Frå Den første krigen og dei første heltane av Torolf Mager. Frå 4000-talet F.O.

Drakar er intelligente, øgle-liknande vesen. Dei er mellom dei mektigaste vesena i verda.

Ein deler vanlegvis drakar inn i to grupper, etter fargen på skjela deira: kromatiske og metalliske drakar. sjølv om ein skal vere forsiktig med generaliseringar, er kromatiske drakar vanlegvis meir grådige og mindre sosiale enn metalliske, og som regel meir fiendtleg innstilte til andre vesen. Dei lev òg kortare liv enn metalliske drakar. Kuzhperikyrkja lærer at Io skapte dei kromatiske drakane først, men gjorde ein dårleg jobb. Etter å ha lært av feila sine skapte han dei metalliske drakane, som var perfekte. Kromatiske drakar har sannsynlegvis ein annan versjon av historia.

Av dei noverande drakegudane er Bahamut rekna som fremst mellom dei metalliske drakane, medan dei kromatiske drakane er borna til Tiamat. Det er sjeldan ein drake vil gjere noko så underdanig som å tilbe ein gud, men dei kan ofte sjå på ein gud som ein mektig alliert.

Det gamle Arkhosia var eit unikum, då det var heimland for både metalliske og kromatiske drakar; vanlegvis ville to slike umiddelbart kjempe til døden når dei møttest. I det nye Arkhosia har kromatiske drakar ikkje tilgang.

Dei vanlegaste fargane mellom kromatiske drakar er raud, grøn, kvit, svart og blå. Dette er òg fargane på dei fem hovuda til Tiamat. I tillegg fins det lilla, grå og brune kromatiske drakar.

Dei vanlegaste fargane mellom metalliske drakar er messing, stål, koppar, kobolt, bronse, sølv, og gull, men det fins andre.

Drakar

Ormedagar Obdormio