Gullkongen

Og skinande er gullkongen,
Så glitrande i solas glans.
Og miskunnsam er gullkongen,
Men vakta deg for vreiden hans.
Og klok og var er gullkongen,
Gå ikkje dit med lygn og svik.
Og sterk og dryg er gullkongen,
Sjå, fiendar for kongen vik.
Bøy kne for han, du store verd!
Og heidra han i all di ferd!

— Frå Gullkongen av Odhían
Solseren. Rundt 350 F.O.

Gullkongen var tilnamnet til gulldraken som styrte Arkhosia frå samanslåinga av dei sju byane i 1302 F.O., til han vart drepen av Zebukier i 205 F.O.

Gullkongen

Ormedagar Obdormio