Iorostakhi

Og redslekongen, Erek-Hus, løfta opp si grove øks, og med eit hogg som rysta verda, delte han drakekongen Io på midten, og skaparen av alle drakar var ikkje meir. "Døydde dristig drakefader", som kvedet seier. Dei to halvdelane av Io fall til jorda, og blodet hans skvatt over fjella og rann over slagmarka som ei elv.

— Frå Den første krigen og dei første heltane, av Torolf Mager. Frå 4000-talet F.O.

Iorostakhi, Ios blod, er ei stor elv som renn vestover frå Blodfjella, og ut i Vesterhavet. Den blir rekna som hjartet av Arkhosia, sidan dei sju bystatane som var opphavet til riket ligg langs den. Leire i nedbørsfeltet gir elva ein svak raudleg farge.

Det nye Arkhosia er avgrensa til desse sju byane og området rundt.

Dei sju byane er:
*Idad
*Iorotakher, hovudstaden, der elva Auziri renn ut i Iorostakhi.
*Ezhva
*Miakis
*Zeiar
*Azid
*Stakhrokenzi, ved elvemunninga.

Iorostakhi

Ormedagar Obdormio