Iorotakher

Ved elvefar let Gullkongen
den store byen byggjast ny.
Der helga elva blodig renn
og soloppgangen himlen brenn,
     den strekk seg imot sky.
To tusen mål av rydja ur
vart ringja inn av tjukke mur
og høge tårn til vakt vart sett i ring.
Der bygde kongen atter seg eit slott,
i signa mønster la han vegar kring,
og laga nytt der elden hadde gått.

— Frå Etter elden av Arn Gjerdåker,
1017 F.O.

Iorotakher, Ios ord, har alltid vore hovudstaden i Arkhosia. Det var leiaren for denne byen som vart konge i riket etter at dei sju byane ved Iorostakhi slo seg saman, og det var her Anhem I slo seg ned etter å ha samla riket på nytt.

Byen brann til grunnen i 1022 F.O. Gullkongen fekk den teikna på nytt og bygd opp att på same staden, og den vart viden kjent som den finaste byen i Arkhosia. Den blei hardt skada under jordskjelvet i 205 F.O. Mellom bygga som var redusert til grus var palasset til Gullkongen. Den har sidan blitt gjenoppbygd, men har tapt tittelen som finaste by til Stakhrokenzi.

Iorotakher

Ormedagar Obdormio