jordskjelvet i 205 FO

Sydhamna er fullstendig rasert, og det vil ta veker med arbeid før den kan brukast igjen. Nordhamna er òg hardt skada, men deler av den kan framleis brukast. Handels- og forsyningsskip må prioriterast i den nedsette hamnekapasiteten. Her òg vil me trengje mykje arbeidskraft, og dette bør fullførast før me set inn fulle ressursar på Elvehøgda.

— Frå rapport om skadene etter skjelvet i Stakhrokenzi. Ukjend forfattar. 205 F.O.

Det veldige jordskjelvet i 205 F.O. er den største naturkatastrofa i den kjende historia. Det gjorde gjorde enorme skade over heile den kjende verda. Senteret for skjelvet var midt i Myklafar, som fall i havet og forsvann i dei enorme skakingane. Byar over heile kontinentet fall saman, titusenvis av intelligente vesen døydde, og alle kjende undergangar til Undermørkret kollapsa. Svartalvane har ikkje vore å sjå sidan skjelvet, det kan vere dei alle omkom.

Årsaka til skjelvet er ikkje kjend. Det var langt større enn alle tidlegare og seinare jordskjelv, så mange meiner det ikkje kan ha vore naturleg, men ingen veit kven som kunne ha skapt eit slikt dommedagsfenomen.

jordskjelvet i 205 FO

Ormedagar Obdormio