Myklafar

Dei er djeveldyrkarar, dei er imperialistar og dei vil ikkje ha nokon skruplar med å freiste slavebinde folket vårt. Me kan ikkje lenger tolerere dette utysket langs våre grenser. Krigen vil kome, og det einaste spørsmålet er kven som vil få overtaket ved å slå det første slaget.

— Frå Om den overhengande fara, tale til landsrådet av draken Zebukier. Omsette frå drakonsk. 356 F.O.


Myklafar var eit stort og mektig imperium styrt av djevlingar. Det var det einaste riket som kunne måle seg med det gamle Arkhosia i storleik og makt. Dei to rika gjekk til krig mot kvarandre i 338 F.O.

Krigen varte i 133 år, der ingen av dei to stridane klarte få overtaket. Heilt på slutten hadde djevlingane ved list og svik klart å drepe leiarane i Arkhosia, men før dei kunne skaffe seg siger frå dette knepet kom det veldige jordskjelvet, og størsteparten av landmassa til Myklafar fall i havet. Etter dette var riket fullstendig øydelagt og ikkje lenger nokon trussel.

Myklafar

Ormedagar Obdormio