Anhem I

Anhem var måtehalden i matvegen, særleg når det gjeldt drykk, for han avskydde drukkenskap i alle, og enno meir i seg sjølv og sitt hushald; men han kunne ikkje lett avstå frå mat, og klaga ofte på at fastene sette han i dårleg helse. Han underheldt sjeldan, berre på store festdagar, og då for store mengder folk. Måltida hans hadde vanlegvis fire rettar, utanom steika, som jegerane hans pla bere inn på spidd; han var meir glad i denne enn i nokon annan rett. Ved bordet lytta han til lesing eller musikk. Bøkene som vart leste for han var historiene om fordums dådar: han var òg glad i bøkene til Dasovik, særleg den som er kalla “Revetiksi”.

— Frå Anhem den store av Rakhur naAurish, omsette frå drakonsk. 360 E.O.


Anhem I (281 F.O. – 352 E.O.), òg kalla Anhem den store, var ein adelsmann som styrte eit lite område vest i Arkhosia. Med støtte frå kuzhperikyrkja klarte han samle det som no er Arkhosia i 323 E.O., og vart krona til konge same året. Han busette seg deretter i Iorotakher.

Han døydde fredleg i 352 E.O. Yngste sonen hans, Arukh I var vald til konge etter han.

Anhem I

Ormedagar Obdormio