Arkhosia

I all den vide verda fins det ikkje større, mektigare, eller meir velståande rike enn Arkhosia, heimen åt dei store drakane. Folkeferd frå dei veldige fjella i aust til den evige kysten i vest lever i fred og framferd under styret til Gullkongen. Frå dei skinande tårna i Iorotakher til dei djupe juva i Bergaheim og dei endelause skara i sør flyt det med venleik og rikdom. Aldri har verda sett make, og aldri skal ho sjå noko betre.

— Frå Reiser i Vesten av Kas Kaunashavel. Rundt 450 F.O.
Arkhosia er mitt rike. Arkhosia skal vere eitt.

— Frå Openberringa til Kuzhperien, den offisielle kyrkjelege omsetjinga. 2 E.O.

Arkhosia var eit stort og mektig imperium styrt av drakar og i hovudsak bebudd av drakefødde, men òg heim for mange andre artar, inkludert menneske, alvar, dvergar og halvingar.

Arkhosia vart til då sju bystatar rundt elva Iorostakhi slo seg saman under vernet av ein gulldrake, opphavleg kongen av av Iorotakher, i 1302 F.O. Riket gjennomgjekk ei periode med stor ekspansjon, og innan 1152 F.O. styrde dei mest heile kontinentet nordvest for Grensefjella.

Ei lang periode med fred og framgang følgde, med gode forhold med andre smårike på kontinentet, som hamna under interessesfæra til Arkhosia, og større riker, som det framveksande Myklafar.

Etter som Myklafar voks seg større, og var meir arrogante og dekadente, kjølna forholdet til dei. Det gjekk rykte om grufulle eksperiment og avtalar med djevlar, men sjølv om eliten i Myklafar vart djevlingar alt på 390-talet F.O., var det først i 358 F.O. at ein fann ut kva adelen i Myklafar hadde gjort. Forholdet kjølna vidare og vart til rein fiendskap. Folket i Arkhosia forlangte handling – ein måtte stanse djeveltilbedinga og fælska som gjekk føre seg der, og dessutan stanse Myklafar før det veks seg sterkt nok til å gå til åtak sjølv.

I 338 F.O., etter ei rekkje mindre trefningar langs grensa, braut krigen ut. Ein rekna med ein rask krig, men det viste seg å bli ei lang og blodig konflikt, der tusenvis av drakefødte døydde på slagmarkene.

I 205 F.O., etter 133 år med krig, kom spionar frå Myklafar til dragen Zebukier, og hevda dei ville ha fred, noko som ville bli mogeleg dersom Arkhosia la ned våpna. Zebukier hadde ønska fred lenge, og i desperasjon drap han kongen, adelen, og alle leiarane av Arkhosia som han trudde ville motsetje seg freden. Han vart oppdaga, men i det han skulle straffast kom jordskjelvet. Myklafar sakk i havet, og krigen enda.

Arkhosia hadde mista alle leiarane, og var utarma etter over eit sekel med krig. Infrastrukturen var heilt øydelagd, og riket fall saman, delte seg opp i tallause småriker, med usle baronar som krangla seg imellom for kvar minste bit land. Dei byane som hadde overlevd krigen mot Myklafar, fall i krigar mot kvarandre, og dei drakefødde vart heimlause.

Nye Arkhosia

Etter jordskjelvet i 205 F.O. sat Arkhosia igjen utan leiarar, og med ein mangel på ressursar. Iorotakher var i fullstendig kaos, store deler av byen var øydelagd av sabotørar, og sentralmakta fall bort med drapet på kongen. Utan noko sentralmakt fall det som var att av riket frå kvarandre, alle små baronar erklærte seg sjølvstendige, og ein kom inn i ein periode med hundrevis av småkrigar og ustabile forhold.

Etter omkring to hundre år med dette, hadde maktforholda stabilisert seg litt, og dei ulike fyrstane hadde funne ein balanse seg i mellom. Ei henoteistisk kyrkje til Bahamut voks seg fram som ein sterk stabiliserande maktfaktor, under leiing av den nye øvstepresten, ein ung bronsedrake, kuzhperien, som var sett på som utvald av Bahamut. Med støtte frå denne kyrkja, klarte ein drakefødd adelsmann, Anhem, å bitte mange av dei lause fyrstedøma rundt Iorostakhi og langs kysten saman i eitt felles forbund, som han framleis kalla Arkhosia, med ein konge valt over seg. Seks av fyrstane fekk makt til å velje kongen, det var presisert at stillinga ikkje skulle gå i arv, og kuzhperien krona Anhem til konge i 322 E.O. Til tross for at kvar nye konge kan veljast fritt av kurfyrstane har alle kongane av Arkhosia sidan vore etterkomarar av Anhem.

Situasjonen no er at ein har ei lang rekkje i praksis sjølvstendige småfyrstedøme, samt nokre bystatar, som alle formelt sett er underordna kongen av Iorotakher. Riket er òg bunde saman av kyrkja til Bahamut, ein organisasjon som er lojal til kuzhperien. Deler av riket tilhøyrer kongen direkte, men det meste tilhøyrer dei ulike fyrstane, og kongen har lite reell makt over dei.

Det er langt færre drakar å finne i det nye Arkhosia enn i det gamle, det meste av drakeadelen vart drepen av Zebukier. Den noverande kongen er Anhem II, ein drakefødd. Dei få unge drakane som overlevde fallet og dei følgjande krigane har slått seg ned andre stadar, eller let vere å underordne seg den nye kongen.

Arkhosia

Ormedagar Obdormio