Dozher

Der er kan hende større byar i Arkhosia, og rikare og sterkare, men ingen by ligg nærare dei sju enn Dozher. Ingen by er så nære hovudstaden, ingen by er så godt plassert på elva, ingen by er så kultivert og utdanna, utanom dei sju sjølve. Omverda oppdagar no kva innbyggjarane i Dozher har visst heile tida: om der er ein åttande by i Arkhosia, så er det den.

— Frå Brev og talar av Midtorm Gunnarson, filosof og Dozherpatriot. 404 E.O.

Dozher er ein liten by i Arkhosia. Den ligg ei knapp veke søraust frå Iorotakher, ved elva Auziri, den viktigaste sideelva til Iorostakhi. Innbyggjarane kallar den av og til “den åttande byen”, for sjølv om det fins større byar ved kysten, er Dozher plassert ved ei elv som renn ut i Iorostakhi, og ligg såpass nære hovudstaden at den gir sterke assosiasjonar til dei sju byane.

Her er nokre av dei viktigaste stadane i byen og folka knytt til dei:

  • Den lekke lekter – Det største og beste av vertshusa i byen, som òg er ein populær pub og møteplass. Eigd og operert av Saraid Iseldir (kvinneleg alv).
  • Hovdingen – Eit billegare alternativ, med ein langt lågare standard, både på rom, mat og klientell. Eigd og operert av Åsleik Gridason (mannleg menneske).
  • Bytempelet – stoltheita til byen, som tronar på ein haug på sydsida av elva. Her kan innbyggjarane i byen bringe fram offergåver til kuzhperien og Bahamut, under oppsyn av prestane, leia av Kasir naSakhev (mannleg drakefødd).
  • Elvehallen – hovudkontor og møteplass for handelslauget, leia av Jarde Vassveg (mannleg halving), den lokale representanten for den velståande Vassveg-klanen. Med desse to stillingane i lomma er Jarde den rikaste i byen.
  • Rådshuset – Her samlast dei rikaste og mektigaste i byen i byrådet, leia av Sigdis Rogmundsdotter (kvinneleg menneske), ei handelskvinne med mange kontakter. Rådet tek seg av det meste av den praktiske styring av byen, og fungerer òg som rådgjevarar for fyrst Viska. Her held òg det kongelege byråkratiet hus, under oppsynet til Jasian naShurik (kvinnleg drakefødd), offisiell kongeleg utsending.
  • Viskaborga – På det høgste punktet i byen troner heimen til gamle fyrst Ditsvent Viska (mannleg drakefødd) og familien hans. I borga held òg kaptein Kare Drakson (mannleg menneske), leiar for bygarden, hus.

Dozher

Ormedagar Obdormio