Svartalvar

Om enn svartalvane no er sett på som eventyr av folk flest, vil alle lærde einast om at dette mørke folket finst, eller i det minste har funnest. Dei hadde store riker i undermørkret, men etter det store jordskjelvet har dei ikkje gitt lyd frå seg. Ein får gå ut frå at dei alle omkom, eller i det minste vart drivne langt vekk frå overflata. Når ein les i krønikene om kor gruelege, kriglystne og vanskelege å ha med å gjere dei var, kan ein fort få inntrykk av at dette ikkje er eit større tap for verda.

— Frå Den tapte alveætta av Corann Hauran, 363 E.O.


Svartalvane, kalla drouai på alvespråket, er ein av dei tre alvestammane. Dei budde i Undermørkret, dei veldige holene under verda, men har ikkje vore å sjå sidan det store jordskjelvet i 205 F.O.

Svartalvar

Ormedagar Obdormio